Vann, men berre så vidt.
Radøy/Manger - Saga 3-2 (2-0)
Laurdag 19. mai 2012
Sletta Stadion
Tilskuertal: ca. 100 (ifølge firda.no)
Slik stilte Radøy/Manger:
Ørjan Bongom
Magnus Sundsøy
Sindre Erstad
Tor-Sverre Kolstad
Morten Storheim
Andre Fivelsdal (Terje Tangedal 76.)
Ole Kristian Vikenes
Robin Amundsen
Stephen Dragøy (Ricky Vetås 56.)
Raymond Kviste
Sindre Marøy
Radøy/Manger slo tilbake frå forrige helgs flause når dei leiia 3-0 til pause, og det enda 3-3. Denne gongen leiia dei også 3-0 og Saga slo tilbake, heldigvis for Radøy, berre med 2 mål.
Radøy opna bra og etter kun 3 minutt skåra Sindre Marøy sitt fyste for dagen. Stephen Dragøy spelte Marøy igjennom, og litt skrått banka Marøy ballen ned i motsatt hjørne, utagbart for Saga-keeper Fredrik Hanssen. Radøy/Manger fortsette å spele bra og hadde fleire store sjanser, blant anna med Fivelsdal der han heada ballen over frå ca. 5 meter. Men Radøy leiia 2-0 til pause og den andre skåringa ordna Ole Kristian Vikenes i det 37. minutt.
Frispark frå 20 meter gjekk via tverrligaren og i ryggen til Saga-keeper og så i mål. Radøy kontrollerte det fram til pause og kunne gå fornøgd i garderoben.
Andre omgang starta som den fyste, med ein tidleg skåring til Radøy/Manger. Innlegg frå venstre av Morten Storheim til Sindre Marøy som satte ballen i mål til 3-0, men dei cirka 100 på tribunen var ikkje 100 prosent sikker på siger. Og Saga kom meir og meir med, og Radøy låg lavt, og Saga fekk reduseringa 1-3 etter 62 minutt av Vegard Savland. Saga var tilbake i kampen.
6 minutt før fulltid satte Stig Hårklau ballen forbi Ørjan Bongom og Saga hadde verkeleg troen på poeng. Men sjølv om Saga pressa på dei siste minutta og hadde kanskje fortjent eit poeng, så stakk Radøy av med alle 3.
Radøy/Manger ligg nå på 8. plass med 1 kamp mindre spelt enn dei fleste andre laga i avdelinga.
Radøy/Mangers neste kamp er fystkommande onsdag då dei skal møte Bergen Nord i Salhus, og vinn dei den går dei vertfall opp på 6. plass, men kan også gå heilt opp på 4. plass. Vik har nå 4. plassen med 13 poeng.
Tabell her: http://www.fotball.no/System-pages/Tabell/?tournamentId=130226
Dagens kampar:
Sotra - Eid 7-0
Øystese - Florø 5-2
Førde - Årdal 4-1
Stryn - Voss 1-6
Tornado Måløy - Fyllingsdalen 2 1-2
Vik - Bergen Nord 6-1
Radøy/Manger - Saga 3-2